Det velurkledde juleunderet er endeleg tilbake! Finn-Erix inviterer til julebasar 14. desember.
Etter koronapause og avlysning i fjor skal dei igjen spele jula inn på sin måte. Det blir fleire musikalske gjester. Hemmeleg nisse. Åresal. Basar med flotte premiar. Latter og tårer. Humor, galskap og vakker julemusikk i ein salig blanding. Kort sagt: Finn-Erix er tilbake.
Vel møtt!