Nytt filmkonsept frå Fri Flyt kjem til Forum Scene!
7. november i år kjem Fri Flyt Utefilm til Bergen. Visninga er på Forum Scene og du får sjå fire filmar med røtter i nordisk friluftsliv på storskjem!
— Her ynskje vi å ta med publikum inn til god lyd og bilete, der kvalitet på film og bilete er viktig. Å sjå friluftsfilmar på storskjerm er ei magisk oppleving som vi ynskje å gje til publikum, forteller prosjektleiar i Fri Flyt, Tor-Erik Moen.
Fri Flyt Utefilm har med seg eit variert filmprogram der historia filmen fortel er viktigare enn action og høg puls.
Vi viser kun nordiske friluftsfilmar, og Fri Flyt Utefilm ynskjer å byggje meir opp rundt det nordiske filmmiljøet i åra framover.
Fra før har Fri Flyt arrangert Fri Flyt Film Tour, som er eit filmkonsept der ein viser årets beste skifilmar. No utvidar Fri Flyt med eit filmkonsept som favnar breiare der ein viser dei beste friluftsfilmane frå det siste året.
Filmprogrammet består av fire ulike filmar innanfor klatring, ekspedisjon, elvepadling og bikepacking. Mange av desse filmane foregår i ditt nærmiljø, og kanskje du blir inspirert til et nytt eventyr i nærleiken av der du bur.
Den første filmen er ein banebrytande skiekspedisjon frå Svalbard med eventyrarane Vincent Colliard og Caroline Côté. Dei gjorde den første sjølvforsynte vinterkryssinga av Svalbard vinteren 2021.
Den andre filmen er med tre av Noregs fremste elvepadlarar, Eirik Hansen, Martin Vonheim og Ruben Davidsen. Dei reiser til Tyrkia på elvepadletur der ting ikkje gjekk heilt som planlagt.
I den tredje filmen møter vi to av Noregs fremste klatrarar, Tina Johnsen Hafsaas og Thilo Schröter, tar oss med til den verdskjente klatredestinasjonen Flatanger i Trøndelag. Der viser dei kvifor dei elskar Flatanger og kva staden har å by på for ein klatrar.
I den fjerde filmen møter vi bikepacking-entusiast Mikkel Soya Bølstad som brukar sykkelen som framkomstmiddel for å drive friluftsliv. I denne filmen syklar han blant anna frå Oslo til København der han grublar over dei enkle gledene i livet, kva som er så bra med friluftsliv på sykkel og om han i det heile tatt rekk båten heim to døgn seinare.
Alt dette blir satt saman til et program på 2 ½ time av ein konferansier der programmet inneheld dei fire filmene, intervju av filmskaparar, konkurransar og god stemning.
— Moen seier målet med filmane er å få publikum til å nyte, smile og kanskje til og med humre litt, sjå andre leve ut sin draum og moglegeins får du idear til eigne prosjekt, store eller små.
For meir informasjon sjå www.utefilm.no